Møtenotater
Styremøte 26.08.2024 kl 20.30. Møtet heva kl. 21.55
Oppmøte:
Berit Chruichsank, Hildegunn M. Bondhus, Hege Risan, Marthe Dikkanen, Sigrun M. Dahl, Catherine Klouman, Catherine Sangvik og Hans Petter B. Sørensen
1. Spesialen 2025.:
Bank-kortet til klubben er hos Siv.
Berit har snakka med Siv og Hanne. Vedtak: Catherine K. er mellom»mann» mellom styret og dei to.
2. Salgs-Rekvisita.
Klubben har nokre t-skjorter og klippekort frå Katrin.
Andre rekvisita er til premiering på utstillingar.
Forslag i møtet: Klubben avslutter inn til vidare salg av ulike rekvisita og selger restlager på kommende spesial.
Vedtak: Som forslag. Klubben avslutter inn til vidare salg av ulike rekvisita og selger restlager på kommende spesial.
Restlaget er hos Hege. Cathrine K. tek kontakt med Hanne og kjem tilbake med ei oversikt til styret. Oversikta blir lagt ut på Teams i eget Excel-ark.
3. Årbok:
Berit informerer om årboka.
Forslag: Årboka blir lagt ut digitalt på den nye nettsida. Forslag er at Hans Petter er komiteleder og Berit er ansvarlig redaktør. Andre medlemmer kan og bør også knytast til dette arbeidet. Berit legg ut info på FB sida.
Forslaget er vedtatt av styret.
4. Ras:
Berit informerer om RAS og har ikkje fått tilbakemelding. Telefon med NKK går på at dei avventer svar frå Mattilsynet. Styret venter spent på resultatet.
Vedtak: Info er tatt til vitende.
5. CdC trøffelsøk/konkurranse:
Marthe D. informerer styret om trøffelsøkskonkurranse som dei har i Danmark. Kan dette vere noko som klubben kan arbeide vidare med overnfor NKK og få dette registrert inn som trøffelsøkkonkurranse i NKK.
Forslag er at Marthe, Hege og Torill Hesland arbeider vidare med prosessen mot godkjenning i NKK. Marthe er komiteleiar og kan søke klubben om økonomisk bistand.
Vedtak: Som forslag.
6. Valpeformidler:
Berit informerer om kvalpeformidlar rolla.
Forslag: Styret har diskutert saka og foreslår at Berit fortsetter som kvalpeformidlar for klubben.
Vedtak: Som forslag.
7. Utstillingsleder (ha kontroll):
Forslag: Hanne er leder for ein utstillingskomite og er utstillingsleder for spesialen. Hanne, Siv og Catherine K. får i oppdrag å setje saman ein komite som kan hjelpe til på utstillinger.
Vedtak: Som forslag. Styreleiar informerer Hanne om vedtaket.
8. Eventuelt:
- 2026 blir spesialen 4.-6.september på Hunderfossen. Hunderfossen er booka klar. Utstilling på søndagen (stort cert) og aktivitetsdag på laurdag.
Forslag på dommar frå Cathrine S.: Sara Nordin.
Vedtak: Hildegunn ordnar kontakt med dommer.
Sykkylven 26.august 2024
Hans Petter Brunstad Sørensen
Sekretær
Norsk Lagottoklubb